Ein digital hage er, slik eg har forstått det, ein hybrid mellom private notat og ferdige artiklar. Nokon kallar det “learning in public”, mens andre kallar det “gode gamle internett”. Det er altså mange sider ved konseptet. Eg ynskjer å bruke det som ein plass der eg bearbeider tankar, idear og konsept i håp om at andre også kan ha nytte av det.

Anders Opsvik, Universitetet i Bergen:

Digitale hagar er eit ynskje om å gå tilbake til eit internett før bloggen gjorde alt kronologisk. I ulik grad håper ein å lage eit internett som er mindre SEO- og klikk-drive, og tilbake til ein fristad der ein kan kose seg med dei rare små tinga ein er interessert i.

Det finst mange typar hagar. Nokre er jo laga mest for å vise fram og "vinne prisar", andre for å ha noko å pusle med. Eg har mange års røynsle med å halde faktiske epletre i live, så dette er jo eit slags digitalt framhald av det. Eg vaks opp i overgangen mellom det gamle internettet og bloggen landa på at den digitale hagen med sine småplanter og beskjæringar av det ein allereie har, er ein fin måte å "lage internett" på.

🪴 Anders sin digitale hage “uneleg og skygt

Kaninhullet

Index

Maggie Appleton har blitt ein frontfigur for konseptet.

A Brief History & Ethos of the Digital Garden