Microcosm Declares 2025 the Year of Zines

Ein zine er eit uavhengig, ofte heimelaga, trykt medie. Den kan innehalde fotografi, illustrasjonar, tekst m.m. Ofte har dei spesifikke tema og uttrykksformer. Ein klassisk zine kan printes og brettes enkelt heime. Mediet blir hylla for si demokratiske framtoning - her kan alle skape det dei sjølv vil, eller ser manglar i andre trykte medier.

image.png

Nokre zines eg har laga, som du kan kjøpe, skrive ut og brette saman sjølv:

sitat eg ofte tenker på — znippen

minizine om einsemd — znippen

notat-bok-merke — znippen

Zines som magasin

Eg har bruka zine-formatet som ein utvidelse av merket mitt sovesveis. Der har eg laga fleire små magasin med kunst, artiklar, foto og anna som forlengelse av merkets filosofiar. Sjekk ut dei tre første her:

sovesveis magasin - zine 001 — znippen

sovesveis zine 002 — znippen

sovesveis zine 003 — znippen

Slik lagar du din første zine

Bruk minizine-formatet for å gjere det enklast mogleg. Då treng du berre eit A4-ark.

  1. Brett A4-arket som vist øvst og nummerer sidene før du brettar det ut att.
  2. Finn eit tema eller konsept du vil at zinen din skal handle om.
  3. Skriv, teikn, mål innhaldet på sidene til du har fylt alle sidene.
  4. Brett den saman igjen, og voila du har laga din første zine!

Om du ynskjer å lage fleire eksemplar, brettar du den ut og skannar den. Då kan du printe så mange du berre ynskjer og dele dei ut til familie, vener og bekjente.